Kongjen og Knut Liten dei sat ivi bord,
- Iselilja
Dei tala så mange dei skjemtande ord.
- Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
"Høyrer du Knut liten, hot eg spør`e deg:"
- Iselilja
"Lyster du skifte dei folar med meg?"
- Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
"Ja, skò eg skifte dei folar med deg:"
- Iselilja
"Så vil eg hava dotter di i bytte, eg"
- Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
"Skò kje mi dotter bli be're gift,"
- Iselilja
"hell ho skò gange i hesteskift."
- Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
Knut liten seg reiser frå kongjens bord:
- Iselilja
"Å visseleg skò eg hevne dei ord!"
- Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
Han klappa på dynni med hanskar på hand:
- Iselilja
"Du kjenner vel Knut liten, din festarmann?"
- Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
"Siter du kongje drikke mjød og vin?"
- Iselilja
"Knut liten han søv'e med dotteri di."
- Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
Kongjen let ropa ivi heile sin gård:
- Iselilja
"Kle dikkon, hovmenn, i brynjune blå."
- Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
Knut liten hoggje til han gjordest mod,
- Iselilja
Til blodet det sto ivi sylspente sko.
- Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
Knut liten han kom seg ri'and i gård,
- Iselilja
kongjen ute fyr honom står.
- Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
"Knut liten, du stiller ditt sylvbugne sverd,"
- Iselilja
"Eg gjev deg mi dotter, du er henne verd."

- Iselilja |