Eg heiter Anne Knutsdotter,
Kari er mi mor,
og Truls han er min bror.
Me bur oppå ein plass
der som ingen skulle tru
at nokon kunne bu.
Og plassen heiter
Uren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel.
Og heile dalen ser vi
der oppe fulla godt,
men all ting er så smått,
for folka dei er slett ikkje
større enn som så -
når dei der nede gå.
Og plassen heiter
Uren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel.
Om sommar'n er det moro
å gå og samle bær
i munn og neverkopp.
På stovetaket veks det
to unge hegge-kjerr
som geita eter opp.
Og geita heiter
Snøgga, Stygga, Lurverygga,
høna heiter Tipp, Tipp, Tipp.
Og vinteren kan jamt ikkje
vera oss for god
med frost og fok og snjo;
då kan det ofte over
dei fjortan dagar gå
som vi inkje folk får sjå. |